tirsdag 2. juni 2009

WIki/blog VS Bøker/ItsL

Wiki og Blogging i skulen

Blogging:

Blogging er relativt nytt. Ein høyrar om folk som lever av å blogge og får betalt svært gode summar får å skrive sine tankar om eit teama. Blogging i skulesamenheng har fungert bra! Det har vore noko nytt og utfordrande. Og for meg som aldri har vore inne på blogging før var det veldig interesangt. Eg er ikkje interessert i å blogga privat, men det er grunna personlige synspunkt. Men måten me jobba med blogg i oppgåva for før i haust var kjekt. Ein fekk ein god struktur over det heile og me kunne legge inn fleire medier som kunne gjere det lettare for lesaren og sjå kva me ville fram til og kva me synst. Det ”attraktive” med blogginga er i kor stor grad ein kan gjere bloggen personlig og bruke x-antall illustrasjonar for å visa kva du vil seie. For oss som er MK elevar er det viktig å ha kontroll på kva blogg er i framtida så om det ikkje er burde det være i pensum i framtida.

Wiki

Wiki er jo ein data base som er basert på sosial kunnskap. Det eksisterar og veks på at folk skriv nye innlegg frå sitt synspunkt. Så det er jo eit kjempe plass for å finne stoff og meiningar så lenge du er flink til å være kritisk til kjeldene og evt sjekke opp i noko før du bruker det. Det kan være eit veldig nyttig verktøy for å finne kunnskap eller å skape diskusjonar. Det var lærerikt å laga sida saman med klassen. Det opnar for mange mulig hetar som me kan brukast seinare i andre oppgåver.

Bøker og ItsL

Eg vil nok føretrekke å ha bøker enda. Grunna at dei vil forklara rundt eit teama og vidare, i motsetning til blogg og wiki der du finn enkelt saker, men det vert kanskje litt einsidig. Bøker er ein viktig kunnskapskilde som er meir trygg enn på nettet. Men når eg vil ha svar på enkelt spørsmål er e-leksikonet som wiki eller wikipedia kjempe gode å ha og kjem til å verta brukt lenge framover i privat og skulen. ItsL er eit verktøy eg kunn bruker til å finne informasjon om oppågver eller å levere oppgåver. Er ville eg mykje meir føretrekke å bruke for eksempel blogg eller wiki som eit innlevering teneste. Då kan ein få tilbakemeldigar får heile verda og lære mykje gjennom det og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar